Vekkerklokka ringer 04.45. Natta med lite søvn er komt til ein ende, i hvert fall for oss. Vi har rundt 45 minutt på oss til å stelle oss i stand og ete, før vi pakker ned toalettsakene og fyker ut døra. Dette er ei oppgave som føles uoverkommelig når ein har 3 timer på puta (tilsvarande ein liten promille). Lyden av tre bildører som smeller igjen kan høyrast i nattemørket i Eikelandsosen. Inni bilen sitter eg (Tor Johan), Sølvi Renate (kona mi) og min svigerfar med destinasjon Flesland, Bergen.

Koffertene blir trilla inn på flyplassen og lagt på bagasjebåndet. Vil dei veie det samme som på badevekta? I så fall kan det bli kostbart, då det er 2-3kg over max-grensa. Den veier for mykje, men blir allikavel godkjent og sendt av gårde. Vi puster letta ut og setter kursen mot sikkerhetskontrollen. 2 timer seinare lander vi på første mellomlanding; Gardermoen. Her møter vi Ingrid som vi skal fly videre med til Ben Gurion, Tel Aviv. På flyplassen skilles våre veger, då ho skal være voluntør i Jerusalem og eg og Sølvi Renate i Immanuelkirken, Tel Aviv.

Det blir óg ein mellomlanding på Arlanda, Stockholm. Det blir også den siste. På Arlanda venter det oss ein ekstra sikkerthetskontroll, som tar tid. Langt tid. Dette blir ein forsmak av det som venter på Ben Gurion seinare på kvelden. Vi får også ein forsmak på kor utadvendte Israelere er. Vi holder ein samtale med ei jødisk dame som bur i USA, men som er på veg til ein måneds opphold i Israel for å besøke familien under høgtidene Rosh Hashanah, Yom Kippur og Sukkoth.Samtalen varer til vi når fram til enden av køen. Israelere er tydeligvis lett å prate med.

Sola går ned over Middelhavet og det blir mørkt oppe i himmelrommet kor vi svever. I solnedgangen skimter eg omrisset av Kypros som eit siste tegn til liv før vi når kysten av Israel. Etter litt ser eg gjennom glaset frå mitt sete ved vindauge og ut av mørket kan ein sjå ein by lyse opp. Det er då eg innser kva vi har begitt oss ut på. I positiv forstand då. Det hektiske livet som bas for nokon utbyggingsprosjekt av fibernett heime i Noreg varte fram til ei veke før utreise. Dette medførte at eg ikkje heilt fikk tenkt over denne reisa, eller kjent så mykje på forventnigene ein gjerne har. Men no, flygende inn over Tel Aviv, kjente eg på denne spenningen.

Spenningen var fortsatt til å ta og føle på i det vi stilte oss i kø ved passkontrollen på Ben Gurion. Avvist..? Det var jo her vi skulle motta visumet. Spenning begynte så smått å gå over i frustrasjon. Vi blei sendt videre til Grensekontrollen. Dette er ein egen historie som ikkje blir gjenfortalt, men de kan nok sjå for dykk korleis det kan ha vært. Dei slapp oss til slutt inn i landet.

Etter å ha plukka opp bagasjen og tatt farvel med Ingrid, klarer vi å tolke oss fram til kor vi finner tog frå flyplass til by. I det flyplassens skyvedører åpner seg foran oss og vi går ut, blir vi møtt av ein vegg med varm, fuktig luft. 28 grader seier yr.no, men eg kan bekrefte at det føles som ei gjennomsnittlig badstue.Greit nok det. Men når ein så går inn på toget som tydeligvis holder kjøleskapstemperatur, kan det by på problemer.

Sånn er det tydeligvis i Israel, butikkene er meget kjølig og utandørs er det meget varmt. Stikk motsett av Noreg.

På den andre stasjonen toget stopper, klarer vi på mystisk vis å manøvrere oss ut av det stappfulle toget. Her melder nye spørsmål seg. Spørsmål som «Kor er vi» og «kor skal vi?»Ved god hjelp av vår lokale redningstjeneste, Marit Long, får vi via meldinger forklart i detalj korleis vi finner busstasjonen.Vi kommer fram til riktig busstopp, trur vi. Burde åpenbart lært meir hebraisk før vi reiste.

Bussen vår suser inn i busslomma rett foran oss og bremser hardt! Vi trår inn og betaler. Rekker så vidt å finne ein plass å stå, før bussjåføren bestemmer seg for å sjekke kva denne bussen er god for.I dette forsøket på å nå 0-100km/t på 3 sekund, rekker eg akkurat å gripe tak i søylene.

Plutselig bråbrems i første lyskryss. Det er på dette tidspunktet eg opplever ulempene ve å ha rullekoffert. Så vidt det er klarer eg å få kontroll på kofferten før den smeller inn i den russiske dama som sitter foran meg. Ho ser skremt på meg. Eg smiler usikkert tilbake. Det blir grønt lys. Sjåføren går for eit nytt forsøk på 0-100.

Vi går endeleg av på vårt busstopp, som er eit kvartal i frå vår bolig for dei neste 9 månadane. Her blir vi tatt godt i mot og innlosjert av Marit Long. Vi blir tildelt eit rom med eget bad. Før eg veit ordet av det treffer hovudet puta og eg slukner fullstendig.

Dette er den skriftlige illustrasjonen av korleis første dag opplevdes. Den kan framstå litt stressande, noko det også var, men det var samtidig veldig kjekt og spennande. Vi blei sjølvsagt gjort oppmerksom på dette under eit voluntørmøte i forkant av utreise og var då forberedt på at det ville bli sånn. I etterkant av denne dagen har vi vært med på mykje som blant anna lovsangskveld, surfing og lange, gode samtaler om Yeshua med tilfeldige Israelere på alt frå Hummus-restauranter til svømmende i Middelhavet.

Dette kommer eg tilbake til i seinare «Nyhetsbrev/Blogginnlegg». Men det eg med ein gang kan meddele er at det har vært 2 veker med positive inntrykk og høgt aktivitetsnivå i kirkesammenheng.

Til då: Vær velsigna!